Service på varmepumpe

Me tilbyr service og reparasjon på alle typer varmepumper i Indre Sogn.

Våre tilsette har lang erfaring med å utføre service, feilsøking og reparasjon på varmepumper. Me er sertifisert forhandlar og hjelper deg gjerne med å sikre problemfri drift.

Me tilbyr desse tenestene for alle typer varmepumper frå alle merke, så lenge me kan køyre til deg innan rimeleg tid. Difor pleier me å sei at me yter service i Indre Sogn, mot Jølster og opp mot Filefjellet, men ta kontakt viss du lurer på om me rekk innom der du bur.

Difor er jamleg service viktig

For å sikre lang varigheit, problemfri drift og retten til ein evt. reklamasjon er det viktig å fylgje opp nødvendig vedlikehald, i tillegg til regelmessig service fra F-gass sertifisert forhandlar.

Service på varmepumpa vil ikkje berre forlengja levetida på maskinas bevegelige deler, men fører også til mindre slitasje og lyd.

I tillegg vil varmepumpa få betre virkningsgrad og avgitt effekt etter ein service, noko som igjen medfører lågare straumforbruk. 

I tillegg vil regelmessig service vere med på å hindra uynskja lukt frå innedelen etter langvarig bruk. All service på varmepumper skal utføras av autoriserte forhandlarar.

Kor ofte bør eg ha service på varmepumpa?

Ei varmepumpe er ein investering som skal halde lengst mogleg. Difor anbefaler me å utføre service kvart 2. år.

Slik foregår service på innedel og utedel

Jamleg vedlikehold som å støvsuge eller vaske filtre i innedelen kan dei fleste klare sjølv. Men med jevne mellomrom treng ein service utført av fagfolk.

Når du får besøk av en autorisert forhandlar som skal utføra service på varmepumpa, vil prosessen gå raskt og effektivt for seg.

Slik utfører me service på varmepumpe - steg for steg

Slik førebur du deg til service

For at service på varmepumpa di skal gå mest mulig effektivt for seg, er det viktig at du legg til rette for gode arbeidsforhold.

Ta ein rask runde med rydding rundt innedel og utedel. Det gjera det lettare for serviceteknikar å gjere jobben sin.

Viss du har mogelegheit, vil det vere fordelaktig om du ser gjennom dokumenta til varmepumpa di og utfører enkelt vedlikehald før servicetimen slik at teknikaren har betre arbeidsforhold.

Service på varmepumpe

Det er mange fordeler med jamleg service. Me yter service på alle typer varmepumper.