Besøk utstillingslokalet vårt

I Sogndal har me eit godt utval varmepumper på utstilling. Kom gjerne innom for å sjå på dei ulike modellane og ta ein uformell prat.

Utstilling av kvalitetsprodukt

Me har utstilling av ulike varmepumpemodeller frå kjende kvalitetsmerke som Daikin, Animair, Panasonic, Mitsubishi og Toshiba.

Her kan du kome og sjå og føle på dei ulike løysingene, som blir noko heilt anna enn å sjå stiliserte produktbilde på nettet. Hjå oss vil alltid vere nokon til stade i åpningstida slik at du kan spørje om det du måtte lure på.

Ta deg ein kikk rundt og sjå på dei forskjellige pumpene, så tek me gjerne ein triveleg varmepumpeprat.

Velkomen innom!

Åpningstider:

Mandag - fredag kl. 08:00 - 16:00.

Her finn du oss:

Me held til sentralt i Sogndal, rett ved Loftesnesbrui, i same bygget som Circle K. Adressa vår er Årøyvegen 10, 6856 Sogndal.

 

Stort utval kvalitetspumper - inkludert montering

Det kan vere mykje å spare på å byte til ei ny og meir energieffektiv varmepumpe.