Montering av varmepumpe
Når du kjøper varmepumpe frå vårt sortiment, tar me oss av heile prosessen inkludert montering. Me tilbyr óg monteringstenester for andre i Indre Sogn.
Best resultat med profesjonell installatør
Montering utført av ein profesjonell installatør sikrar at varmepumpa blir plassert og justert for optimal ytelse. Det gir betre energieffektivitet og lågare straumkostnadar.
Ekstra tryggleik
Når du bestiller montering hjå oss får du garanti på både produkt og arbeid. Det gir ekstra tryggleik og du unngår risikoen for feil eller skadar ved feilmontering.
Våre tilsette kan óg gje råd om vedlikehald, slik at varmepumpa held seg i god stand over tid.
Kva kostar montering?
Prisen på montering dekker ikkje berre sjølve jobben som skal gjerast, men óg dei delane som trengst for å installere varmepumpa.
Me tek utgangspunkt i ein standard montering, og så kjem det eventuelt med ekstra tillegg ved forhold som vanskeleg tilkomst, behov for stillas høgt, lange røyr mellom innedel og utedel eller liknande.
Vanlige forutsetningar for standard montering er
grei tilkomst på plassen
maks høgde for installasjon innandørs 2,5 m og utandørs 1,5 m
Standard montering frå kr. 5 500,-
Dette er inkludert i montering:
Installasjon i henhold til installasjonsmanual for varmepumpemodellen, inkludert:
Hulltaking i trevegg, inntil 30 cm tjukk (tillegg for tømmer/lafte-vegg)
Elektrisk tilkobling mellom innedel og utedel
Vakuumering og tettheitsprøving av anlegget
Test og igangkjøyring av varmepumpa, med loggføring
Opplæring i å bruke varmepumpa, inkludert vedlikehold
Kjøyring: minimum 40 km tur-retur frå utsalgsstad (varierer etter stad i landet)
Forsvarlig tetting av gjennomføring i vegg
Minimum 4 m kobberrøyr med isolasjon av høg kvalitet, og tilhøyrande signalkabel mellom innedel og utedel
Minimum 4 m slange til kondensvatn
Minimum 4 m UV-bestandige plastkanalar for å beskytta røyrene utvendig
To veggbraketter (veggstativ)
Fire vibrasjonsdemparar i gummi eller tilsvarande kvalitet
Kabel for å kobla varmepumpa til straum
Plastrøyr eller tilsvarande til gjennomføring i vegg (etter TEC 17 )