Slik foregår ein service på varmepumpe
Jamleg vedlikehold som å støvsuge eller vaske filtre i innedelen kan dei fleste klare sjølv. Men med jevne mellomrom treng ein service utført av fagfolk.
Når du får besøk av en autorisert forhandlar som skal utføra service på varmepumpa, vil prosessen gå raskt og effektivt for seg. Du lurer kanskje på kva som skal skje på ein standard service, trinn for trinn?
Først service på innedelen
Det er fleire ting som blir gjort på ein standard service, blant anna:
Me startar med feilsøk på anlegget samt følarar og lignande.
Dekselet til innedelen demonterast.
Registeret og vifta vert reingjort.
Viftehjulets endelager får pålagt nytt feitt.
Drenering reingjerast og kontrollerast.
Viftemotoren og luftspjelda kontrollerast.
Nye batterier i fjernkontrollen om det er behov for det, men disse skifter du også einkelt sjølv.
Varmepumpa varmedrift målast ved maksdrift. Da vil teknikaren måle blant annet storforbruket, og at alle temperaturmelingar er innanfor standarden. Dette for å sikra optimal drift når kulda kjem!
Deretter service på utedelen
Etter at innedelen er blitt nøye kontrollert, er det tid for ein sjekk av utedelen. Då går me gjennom mange punkt, som blant anna:
• Rengjering av register og bunnpanne
• Lekkasjetestar av mekaniske tilkoblingar
• Kontroll av ventilar og isolering
• Kontroll av viftemotor og vifteblad
• Kontroll av varmestav i bunnpanna
Når utedelen er kontrollert skal også maskinans kjøledrift målas. Her set me viftehastigheiten på maks, og termostaten til 16 ºC, før ein utførar ein rekke målingar.
På tide med service på varmepumpa di? Ta kontakt for å bestille service.